Innlevering av gamal piggtråd

Innlevering av gamal piggtråd

Utviding av ordning med innlevering av gamal piggtråd

Ulvik herad og Eidfjord kommune har med støtte frå Vestland fylkeskommune og Smil-midlar finansiert kompensasjon for innlevering av gamal piggtråd. Hittil har ordninga resultert i innlevering av over 100 kg piggtråd. Det opphavlege budsjettet var på kr 100 000, så det står att ein god del midlar.

Gamal piggtråd er til skade for folk og dyr. Kommunane har fått tilbakemelding med spørsmål om ordninga òg bør kunna utvidast til å omfatta gamle gjerde som ligg nede og ikkje har funksjon. Det er fleire døme på dyr som har gått seg fast i nedfalne gjerde som ikkje lenger har funksjon.

Sidan det no står att midlar som kan vera eit initiativ til å få rydda i gamal piggtråd, vert ordninga utvida til å omfatta nedfalne øydelagde gjerde som ikkje lenger har gjerdefunksjon.

Ordninga vil gjelda fram til 1. desember 2021 og på same økonomiske vilkår som for innlevering av gamal piggtråd. Ordninga vil gjelda så lenge det er finansiering til tilskot. Så her er det «fyrstemann til mølla» som gjeld fram mot 1. desember!