Innskriving 1. klasse våren 2021

Innskriving 1. klasse våren 2021

Me ser fram til å møta alle i 1. klasse onsdag 5. mai klokka 09.00 - 10.00 på Lægreid skule.

Smitteverntiltak

For at me skal kunne ha innskriving, ber me dykk om å vera obs på fylgjande smitteverntiltak:

  • Ingen sjuke kan møta
  • Alle må vaska hendene/bruka Antibac før dei går inn på skulen
  • Hald avstand til andre barn og vaksne

Timen er organisert slik

Kort økt for alle i 1. klasserommet med rektor, og der de får helsa på kontaktlærar.

  • Føresette har ei infoøkt med assisterande rektor utanfor SFO og høve til drøs i foreldregruppa. Det vert også høve til å få hjelp til å logga seg på Visma Flyt Skole, og spørsmål rundt dette
  • 1. klassingane er inne og har ulike aktivitetar
  • Til sist er det høve å testa uteområdet ved SFO/skulen – gjeld både store og små
  • Barnehagetilsette kjem bort på skulen ca klokka 10.00 og overtek borna

Vel møtt til alle!

Helsing Rektor, Anne Istad

Kontakt

Lægreid Skule
E-post
Telefon 53 67 36 24