Invitasjon til møte om overvaking av Turtnalinuten, Øvre Eidfjord

Invitasjon til møte om overvaking av Turtnalinuten, Øvre Eidfjord

NVE har dei siste åra gjennomført radarmåling av Turtnalinuten for å kartleggja rørslene i fjellet. Dei vurderer no å overvaka Turtnalinuten kontinuerleg.

I samband med dette inviterer NVE og Eidfjord kommune til informasjonsmøte.

Møtet er ope for alle, og vert halde i kinosalen på Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord måndag 21. september kl 18.00.

Av smittevernomsyn vert maksimalt deltakartal sett til 80, og me ber om at alle som ynskjer å delta melder seg på til postmottak@eidfjord.kommune.no eller sentralbordet på 53 67 35 00 mellom kl 10-14.
For eventuell smittesporing ber me om at de opplyser om namn og telefonnummer.

Vel møtt!

Kontakt

Louise Pettersen
Ass. kommunalsjef - Drift & Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 54
Mobil 415 77 063