Konsert 14. desember

Den fagraste rosa - Klikk for stort bilete

 

 

 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 15.10.2018

Trioen Berit Opheim, Tore Brunborg og Steinar Raknes skal ut på ein jolakonsertturné, og kjem til Eidfjord samfunnshus 14. desember kl 19.00.


Den fagraste rosa er ein jolesalme skriven av  Hans Adolph Brorson og omsett til nynorsk av  Elias Blix. Som så mange av dei salmane som har vore mykje i bruk rundt i landet, og som har vore ekstra godt likt, finns det mange ulike folketonevariantar av denne. I løpet av konserten med Tore Brunborg, Steinar Raknes og Berit Opheim får publikum høyra to ulike melodiar på denne.


Resten av konserten inneheld salmar/religiøse folketonar, som tematisk er knytt opp mot advent og jol. Alle i nye og flotte arrangement. Dei er alle folketonar og dei fleste frå Vestlandet, m.a. Et lite barn så lystelig, No koma Guds englar og Mitt hjerte alltid vanker.


Konserten vert ei forteljing gjennom denne tidlause musikken, og i ei tid der ”sola snur” og lyset vert fødd på ny.

 

Du kan kjøpa billettar til konserten på TicetCo.no
 

  • Eidfjord samfunnshus
  • Fredag 14. desember
  • Klokka 19:00
  • Billett kr 200,- (barn og unge under 15 år går gratis)
Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering