Konsert 26. november

DigThatCrazySantaClaus - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 13.11.2017

Kjøp billettar på TicketCo

 

Du kan òg kjøpa billettar på kommunehuset i Eidfjord, eller på Eidfjord turistkontor dei dagane dei har ope. Me oppmodar flest mogeleg til å kjøpa billettar på førehand. På den måten unngår me køar på konsertdagen.
 

Videosnutt på Facebook

 

 

Proppfulle av spenning og spelelyst inviterer me til den store samarbeidskonserten Dig That Crazy Santa Claus - Live.
 

Siste helga i november 2017 går kulturskulane i regionen saman om å lage eit kjempeshow i Eidfjordhallen med skulekorps, vaksenkorps, blandakor, solistar, og bandet Twang Gang saman med entertainaren Heine Totland. Dirigent er Oddvar Nøstdal.
 

Her vert det rock’n roll, julestemning, trøkk og spetakkel nok til å blåse nisseskjegget langt opp på Hardangervidda!
 

Eidfjordhallen 26. november kl 16.00

 

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering