Koronastønad - ny kommunal tildeling

Koronastønad - ny kommunal tildeling

Eidfjord kommune har motteke to tildelingar på kr. 399 000.-  og kr 408 000,-  med midlar til kommunal kompensasjonsordning for å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Søknadsfrist 20.01.2022

Søknadsskjema - regionalforvaltning

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet

Målet med ordninga og tilskotet er å setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder i næringa, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. Tilskotet skal derfor særleg bidra til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er særleg hardt ramma av lokale og nasjonale smitteverntiltak.

Desse kan søkja om kompensasjon

  • Verksemder som er særleg hardt ramma av lokale og nasjonale smitteverntiltak, og står i fare for å leggja ned arbeidsplassar eller mista viktig kompetanse

Krav til søknad

Søknad om støtte skal registrerast på www.regionalforvaltning.no i eit nytt søknadsskjema laga for denne ordninga med desse krava til søknaden:

  • Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer
  • Informasjon om økonomi og tapte inntekter
  • Informasjon om eventuelt anna offentleg støtte
  • Kort grunngjeving for søknaden
  • Rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar

Kontakt

Kontaktperson i Eidfjord kommune er Geir Underhaug, geir.underhaug@eidfjord.kommune.no 

Frist

Søknadsfrist 20.01.2022

Søknadane vert politisk handsama i slutten av januar med mål om utbetaling seinast 31.01.22 

Kontakt

Geir Underhaug
Rådmann
E-post
Telefon 53 67 35 13
Mobil 993 56 612