Påmelding i kulturskulen
Instrument
Me har kornettar, althorn, euphonium, trombone, tuba, og masse spanande slagverksinstrument, som klokkespel, xylofon, vibrafon, trommer og mykje anna.
Musikant
Det me manglar er fleire musikantar til å spela på instrumenta våre. Skal me gleda oss over eige korps på høgtidsdagane, må me få med oss musikantar til å hjelpa oss å spela.
Korpset øver onsdagane rett etter skulen.
5 gode grunnar til å bli med i korps
Samspel
Det å lukkast saman er viktigast i korpset. Borna lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode.
Meistring
I korpset lærer barnet ditt å spela eit instrument. Alle likar å meistra, og øving gjer meister.
Alle er med
Kvart barn startar på sitt nivå og alle er likeverdige
Felleskap
På turar, kurs og seminar møtest borna på tvers av alder og får vener for livet. Er du med som føresett får du god kontakt med andre føresette, og borna synst det er kjekt at du er med.
Tryggleik
Gje barnet ein trygg oppvekst og ein hobby for livet.
(Tekst og bilete henta frå NMF)