Kulturbygg er stengt for utlån

Kulturbygg er stengt for utlån

I samband med styresmaktene sitt forsterka fokus på smittevern har Eidfjord kommune ved rådmann bestemt at det vert stengt for tilfeldig utleige av kulturbygg fram til 01.01.2021.

Dette gjeld berre tilfeldig utleige til arrangement. Kvardagslege aktivitetar i regi av lag og foreningar samt kommunale aktivitetar kan nytta bygga som tidlegare. Me ser det som viktig å skjerma dei daglege fritidsaktivitetane som fører til livskvalitet for innbyggjarane i denne perioden.