Kulturskulen opnar att 18. mai 2020

Kulturskulen opnar att 18. mai 2020

Det vert oppstart i kulturskulen att mandag 18. mai. Elevane som har enkelttimar møter til oppsett tid på timeplanen. Dans og drama vert delt inn etter klassetrinn og får tilsendt nye tider.

Undervisning

  • Elevane skal hentast ute, og gå heim rett etter timen
  • Når dei kjem skal dei vaske hendene, og det same når dei går
  • På enkelttimar har me inne ein og ein elev
  • Dans og drama er delt inn etter klassetrinn (1. og 2. klasse er saman)
    Det skal vera god avstand mellom elevane, og aktivitetane må leggjast opp etter smittevernsreglane

Smittevernsrettleiar for kulturskulen

Me brukar desse romma

  • Rom 1 – trommer, gitar, messingblås, hardingfela
  • Rom 2 – piano og sang
  • Rom 3 – dans, drama, eventuelt sang og piano på mandag og torsdag
    (Salen og studio er stengt inn til vidare)

Reinhald

  • Romma vert vaska kvar dag før undervisninga startar
  • Lærarane tørkar av overflater og felles instrument mellom kvar elev