Kurs i fallførebygging

Kurs i fallførebygging

Helseavdelinga i Eidfjord kommune vil i haust starta opp gruppetrening med fokus på fallførebygging.  

Det vert eit kurs som går over seks fredagar kl. 10.00 – 11.00, med oppstart fredag 21. oktober. Treninga føregår i fysioterapien sine lokal i kjellaren på kommunehuset. Kurset vil hovudsakeleg bestå i trening av styrke og balanse. I tillegg får du informasjon om kva du sjølv kan gjera for å førebyggja fall.  

Påmelding

Påmelding til helseavdelinga.

Pris

Eigendel på kr 102,- for kvar gong.  Dersom du har frikort vert det ikkje eigendel  

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Telefon 53 67 35 50

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117