Lægreid skule går for eit hav av mogelegheiter

Åtte millionar plast hamnar i havet kvart år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men og oss. Med konkrete tiltak der problema er størst, skal Tv-aksjonen i år ta plasten ved rota. Saman skal me redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava!

Digital bøsse for Lægreid skule (Spleis.no)

TV-aksjonen

TV-aksjonen NRK 2020 går til WWF sitt arbeid for å kjempa mot plast i havet. I år er TV-aksjonen 18. oktober. På Lægreid skule lærer elevane om årets TV-aksjon i dei ulike klassane i veke 42. Digitale og tverrfaglege opplegg frå Salaby for ulike trinn dekker fleire kompetansemål i læreplanen. Opplegget gjev elevane mogelegheit til å læra om korleis plast på avvegar øydelegg for menneske – og dyreliv. Gjennom bilete, film og spel får elevane på alle klassetrinn, læra meir om kva me kan gjera for å hindra at plast hamnar i havet.

Innsamling

Tidlegare år har elevar, personale og føresette ved Lægreid skule samla inn pengar til TV-aksjonen ved at barnetrinnet har arrangert basar og ungdomstrinnselevar har hatt arbeidsdag. På grunn av koronapandemien i år, må me tenka alternativt.

Ungdomstrinnet

Ungdomstrinnet arrangerer skuleløp torsdag 15. oktober kl. 13.00 – 14.00 på idrettsbanen. Elevane skaffar sponsorar til løpet. Ein kan sponsa med eit fast beløp eller ein sjølvvald sum for kvar runde eleven spring. Etter at løpet er ferdig, tar elevane kontakt med sponsorane sine og fortel om kor mykje dei skal betala inn og på nettlinken for innbetaling.

Barnetrinnet

Barnetrinnet skal ha TV-aksjonsbingo der elevane får eit bingoark med ulike oppgåver dei kan gjennomføra gjennom veke 42. Kvar familie har på førehand vorte einige om sum for aktivitetar eller totalbeløp for innsats.

Spleis

Både skuleløp og bingo er fritt for kontantar. Alle beløp vert betalt inn via Lægreid skule si innsamlingsside oppretta av TV-aksjonen og betalingsløysinga Spleis. Innbetalt sum vert fortløpande oppdatert og du kan følgja med på totalresultatet for Lægreid skule. Alle gjevarar er anonyme.