Ledig husvære

Ledig husvære

Ledig husvære til næringsføremål i sommarsesongen 2021

Eidfjord kommune har ledig inntil 2 husvære for utleige til lokalt næringsliv i perioden 1. juni til 1.oktober 2021. Leigeavtalen vil vera tidsavgrensa innanfor denne perioden.

Har verksemda di trong for husvære til tilsette i denne perioden kan du senda ein kortfatta søknad  til postmottak@eidfjord.kommune.no.

Søknadsfrist: 28. mai 2021.

Merk søknaden med arkivsaksID 21/453