Meir miljøvennleg cruisenæring

I februar skreiv 13 kommunar med stor cruisetrafikk under ei fellesfråsegn om meir miljøvennleg cruisenæring. No er det 14 kommunar som står bak fråsegna. Onsdag var det oppfølgjingsmøte i Oslo.

 

Tilbakemeldingane frå  kommuane var klare; alle jobbar for å få på plass løysingar med reduserte utslepp.

Det er særleg stort engasjement for å få på plass landstraum.  Dei frammøtte kommunane var samde om å oppretta ei felles arbeidsgruppe som skal jobba vidare med konkrete løysingar og samordna innsatsen.

Det er elles mange som vil setja eit tak på tal skip og passasjerar pr dag  - i samsvar med mellom anna kapasitet på utflukter.

(tekst: Aurland kommune)

Felleserklæring for meir miljøvenleg cruisenæring (PDF, 445 kB)