Mekkeplass for unge

Mekkeplass for unge

Etter ynskje frå ungdom i Eidfjord har ungdomsrådet arbeida med å få til ein stad ungdom kan mekka.

Drift & Forvalting kan frigje ein garasje som kan nyttast til dette. For at dette skal bli noko av er me avhengig av at føresette stiller opp og driv denne staden. Tilbodet er tenkt for ungdom frå 8. klasse og oppover.

Har du lyst å få dette til? Informasjonsmøte for ungdom og føresette tysdag 18. januar kl. 18, oppmøte på Lægreid utanfor fellesbygget til Drift & Forvalting, Gamlenaustvegen 19.  

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023