Moderasjonsordningar i barnehagen

Moderasjonsordningar i barnehagen

Det er to moderasjonsordningar for familiar, eller hushaldningar med låg inntekt. 

Redusert pris

Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga, skal du ha redusert pris. Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.  

Gratis kjernetid

Gratis kjernetid; alle 2, 3,4 og 5 åringar som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til 20 timar gratis opphaldstid pr veke. 

Inntektsgrensa

Frå 01.08.21 vert inntektsgrensa sett til kr 583 650,- 

Søknad

  • Inntekt vert dokumentert med siste tilgjengelege skattemelding
  • Ordninga er søknadspliktig
  • Hugs å senda inn dokumentasjon
  • Søknaden gjeld for eit barnehageår. Det må derfor sendast ny søknad før oppstart av nytt barnehageår.
  • Hushaldningar med barn som startar i barnehagen midt i året, kan og søkja om redusert foreldrebetaling.
  • Behandlingstid er ein månad. 

Søknadsskjema