Momskompensasjon for frivillige organisasjonar

Momskompensasjon for frivillige organisasjonar

Frivillige organisasjonar kan no søkja om momskompensasjon på varer og tenester.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022. Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om å få kompensert kostnadar til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet.

Frist

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1.september. 

Søknadsskjema

Kven kan søkja?

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søkja. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

To modellar

Det kan søkast etter to modellar:

  • Forenkla modell
    Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag
  • Dokumentert modell
    Etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnadar
    Grensene gjeld ikkje for underledd

Info

De finn meir informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift