Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2019

Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2019

Eidfjord Fjellstyre har inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane- Høgahæ- Eitro- Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før – under og 3 dagar etter villreinjakta 2019.

Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Hordaland snarast etter avslutta villreinjakt. Traktorturane bør spreiast mest mogeleg i heile perioden for villreinjakta, slik at traktortilbodet vert gjeldande for alle jegerane.

Oversikt over kven som køyrer kor tid vert lagt ut på heimesidene til fjellstyret i Eidfjord.

Søknad om traktortransport på slepa sendast fjellstyre med bruk av elektronisk skjema (motorferdsel Fossane –Høgahæ- Låghellerbotn) på heimesida til Eidfjord kommune.  Frist for søknad er 2. juli.

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00