Næringstilskot i samband med Covid-19

Vestland fylke har tildelt Eidfjord kommune sitt næringsfond kr 1 338 271,-
Formannskapet i Eidfjord skal fordele tildelte midlar, og ynskjer søknader om næringstilskot innan 15.12.2020.

Søknad om næringstilskot i samband med Covid-19

Utdrag frå saksutgreiinga

"Midlane skal primært nyttast til tiltak for å styrka verksemder sin konkurransesituasjon og for å tilpasse verksemder til nye og noko endra marknader som følgje av Covid-19. Det må klart framgå av søknader kva ein ynskjer å gjennomføre av tiltak, og kva behov ein har for støtte."

Fordeling

Pengane vert fordelt slik:

  1. Kommunen sine kostnader til rådgjeving type 1 og 2 i samband med covid19 pandemien.
  2. Tildelt etter søknader og tildelingsreglar fastsett av Eidfjord formannskap.

Søknad

  • I søknaden ynskjer me ei god grunngjeving der det er fokusert på kva grad verksemda er råka av covid-19.
  • Kva omstilling verksemda ser på som absolutt naudsynt for at dei skal kunne nå ut til nye kundegrupper og kven desse er, og at effekten av tiltaka visar kommande sesong.
  • Søknadane må visa konkrete tiltak (t.d. marknadsarbeid, oppgradering for å møte krav frå nye kundegrupper/reisemønster og liknande) som gjev rask effekt for den aktuelle verksemda, og sikrar vidare drift.
  • Budsjett

Søknadsskjema

Formannskapet vil på nyåret i 2021 gjera ei vurdering av alle søknadane som er komen inn. 

Kontakt

Anders Vatle
Senterpartiet
E-post
Mobil 95 23 16 97

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord