No kan du søkja om opphald i kunstnarhusværet i Berlin

No kan du søkja om opphald i kunstnarhusværet i Berlin

No kan du søkja om opphald i Hardanger - Berlin husværet for 2022, søknadsfrist er 01.oktober 2021. 

Om ordninga

Kunstnarhusværet i Berlin vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag. I 2019 består spleiselaget av Hardangerkommunane og kunstnarorganisasjonen Harding Puls. I 2019 overtok Eidfjord kommune leigekontrakta, Hardangerrådet hjelper til med administrasjon medan Hardanger kunstlag har ansvar for økonomien.

Søknad om opphald

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og produsentar i,- eller med tilknyting til Hardanger innanfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år. Søknad om opphald vert lyst ut i juni for opphald påfølgjande år. Det kan søkast om opphald for to veker og inntil 3 månader pr. Kunstnar. - Det kan søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphaldet er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.

FYLGJANDE VEKTLEGGJAST I HANDSAMING AV SØKNADANE:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Vis eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

Hardangerrådet tek imot og registrerar søknadane. Tildelinga vert gjort av ei gruppe beståande av representantar frå Hardanger Kulturråd, Harding Puls og Hardanger Kunstlag. Vurderinga skjer i samråd med relevant kunstfagleg kompetanse.

Retningsliner

  • Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.
  • Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.
  • Kunstnarane som får tildelt opphald må betale 100 kr per person per døgn for tildelt periode.
  • Dei som får tildelt opphald i husværet må presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke i ei regional samling i etterkant av opphaldet.

Kriterier for opphald

Brukarane av husværet forpliktar seg til å setja seg inn i og å fylgja husreglane. Husreglane finn du HER.Husværet ligg i tredje høgd i eit gamalt og sjamerande bygg. Det er enkelt møblert og skal forlatast i den stand det var ved innflytting. Eventuell skade på inventar må erstattast. Feil og manglar skal snarast meldast Hardanger Kunstlag.
Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd.

Søknadane vert vurderte av administrasjonen og tildeling vert gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglige miljø.

Ordninga skal årleg rapporterast til spleiselaget.

Søknadsskjema