Eidfjord kommune har i dag ein eigen applikasjon, der du mottek informasjon frå kommunen. Denne appen vert no erstatta med appen Civis. Du må lasta ned den nye appen, velja kva kommunar du ynskjer å fylgja, og kva kategoriar du ynskjer å få info om.
Slik gjer du
- Gå til App Store eller Google Play
- Søk etter Civis
- Last ned og installer applikasjonen
- Vel Eidfjord kommune
- Vel interesseområder og kategoriar
- Du er ferdig
Ny app
I den nye appen vil du motta relevant informasjon frå kommunen på same måte som tidligare. Du finn òg kommunen sine sjølvbeteningsval. Etterkvart vert appen oppdatert med meir funksjonalitet. Dette vil me informera om undervegs.
Applikasjonen for iPhone
Applikasjonen for Android
I drift
Frå fredag 24. februar, vert ikkje ny informasjon lagt ut i den forrige appen til Eidfjord kommune. Denne informasjonen vert no publisert i Civis.