Opning av Eidfjord Cruise-hamn laurdag 10. juli.

Opning av Eidfjord Cruise-hamn laurdag 10. juli.

Hanseatic Nature legg til kai i Eidfjord hamn laurdag 10.juli, hamna har vore stengt for Cruise-trafikk sidan mars 2020.

Det tyske ekspedisjonscruiseskipet Hanseatic Nature vil leggja til kai i Eidfjord 10/7, 16/7, 23/7, 30/7 og 6/8.

Skipet som startar frå Hamburg kjem via Oslo, Flekkefjord til Eidfjord. I Eidfjord vert det liggjande til kai mellom kl 0800-1400, før det går vidare til Stavanger og attende til Hamburg.

Det vil vera 110 crew og 80 gjester ombord på Hanseatic Nature 10. juli. Ein del vil reisa på organisert utflukt, andre vil gå i land individuelt.

Det er strenge krav til gjestene ombord: Dei må ha ein negativ Covid-19 test som ikkje er eldre enn 72 timar når dei kjem til skipet. Før avreise må gjestene ta ein ny test som må vere negativ før dei får komme om bord. Under cruiset blir dei testa kvar 72 time. Alle som kjem må innreiseregistrere seg: https://reg.entrynorway.no/.