Opning av Eidfjordhallen

Opning av Eidfjordhallen

Etter eit halvt års stenging er me endeleg klar for å opna Eidfjordhallen for aktivitetar igjen. 

  • Hallen vert opna for all bruk frå og med måndag 14. september 2020
  • Styrkerommet er opna for trening, eigne smittevernrutinar for rommet gjeld. Brukarar pliktar å setja seg inn i desse før bruk. Alle treningskort til styrkerommet er forlenga med 6 månadar
  • Garderobar skal ikkje nyttast av andre enn skulen
  • Alle brukarar har eige ansvar for reinhald, kontaktflater og utstyr skal vaskast etter bruk. Kontaktflater er til dømes treningsutstyr, dørhandtak, lysbrytarar, musikkanlegg
  • Eidfjord kommune har dagleg reinhald på vekedagar, brukarar skal likevel tørka over kontaktflater etter seg og ved behov vaske over golv
  • Alle som ansvar for treningar pliktar å setja seg inn i FHI sine reglar for idrett 
  • Det er arrangøren som har ansvar for smittevern, ikkje huseigar
  • Eidfjordhallen kan verta stengt på kort varsel ved smitteutbrot eller ved misleghald av smittevernrutinar

Smittevernrutinar for styrkerommet i samband med Covid-19