Oppdatering om Ukraina-situasjonen

Oppdatering om Ukraina-situasjonen

I Noreg er det stadig aukande innkomst av ukrainske flyktningar. Kommunane er blitt bedne om å busetje 35 000 flyktningar i løpet av 2022. 

Mange flyktningar oppheld seg på asylmottak, frem til dei blir registrert av Politiet. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) formidlar vidare busetjingsklare flyktningar til kommunane.

Situasjonen i Eidfjord

Eidfjord kommune har meldt inn ein kapasitet til å kunne busetje 30 flyktningar i løpet av året. Kommunen har løpande kontakt med IMDi angåande busetjing, men det er vanskeleg å gje føreseieleg svar på når det vil kome flykningar til Eidfjord.

Kommunen har oppretta ei «flyktning-gruppe» for å førebu arbeidet med å ta i mot flyktningane. Me byrgjar å få ein god oversikt over tilgjengelege husvære. Mange innbyggjarar har meldt frå om at dei har bustader til disposisjon.

Tenestetilbod

I oppmodingsbrevet vert det spesifisert at kommunane bør legge planar for å byggje opp tenestetilbodet for fleire flyktningar. Dette dreier seg om både bustader, helsetenester, introduksjonsprogram, barnehage og skule. Tenestene i kommunen er i gang med å vurdere korleis vi skal løysa oppgåvene knytt til oppmodinga.

Kontakt

Jarand Høynes Lekve 
Sosialleiar
E-post
Telefon 55 55 33 33
Mobil 900 75 943