Oppfriskingsdose koronavaksine

Siste frist for oppfriskingsdose med koronavaksine i denne omgang 

Oppfriskingsdose

Regjeringa har bestemt å fylgja Folkehelseinstituttet sine råd om ny oppfriskingsdose med koronavaksine til dei som er 75 år eller eldre og det har gått meir enn 6 månader sidan forgje dose. 

Når?

Onsdag 31.mai skal me ha ein ny runde med koronavaksine i Eidfjord. Me har nokre ledige doser tilgjengeleg så dersom du ynskjer ein oppfriskingsdose kan du ta kontakt med Eidfjord legekontor tlf: 53 67 35 50. 

Dersom det er fleire enn dei me har vaksine til som ynskjer oppfriskingdose, kan du setta deg opp på ei liste. 

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Mobil 53 67 35 50

Tast 1 om du treng strakshjelp

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117