Oppfriskningsdose av koronavaksineOppfriskningsdose av koronavaksine til eldre og sjukeheimdbebuarar. Publisert 15.10.2021 18.53 Sist endra 15.10.2021 18.55 Boosterdose Regjeringa vil, etter råd frå- Folkehelseinstituttet (FHI), tilby ein oppfriskningsdose (boosterdose) til dei eldre aldersgruppene. Det vert anbefalt å starta med vaksinasjon til aldersgruppa 85 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar. Den tredje vaksinedosen kan gjevast tidligast 6 månadar etter at dei har fått sin andre vaksinedose. Neste gruppe Oppfriskningsdosane til gruppa som er 85 år og over, vert etterfølgt av ei trinnvis oppfriskningsvaksinering av 75 - 84-åringane, og deretter 65 - 74-åringane. Påmelding Dei som høyrer heime i desse aldersgruppene, og ynskjer vaksine, må ta kontakt på vaksinetelefonen 900 28 051, og melda seg med namn og fødselsdato. Frist På grunn av at vaksinedosane må bestillast inn, vert fristen til å melde seg sett til onsdag 27. oktober. Om du melder deg etter denne datoen, vert det ventetid grunna leveringstid på vaksinane.