Bakgrunnen for prosjektet
Det har vore forbod mot å nytte piggtråd for å regulera dyrs åtferd sidan 2010. Likevel ligg det nok att restar etter gamle gjerde med piggtråd som i dag ikkje har funksjon, og utgjer potensielt ein fare for skade på folk, bufe og vilt. Det vert og oppmoda om å fjerna piggtråd frå hagegjerde.
Prosjektet skal gå over to år, ut kalendaråret 2021.
Tilskot
Prosjektet betalar kr. 4 pr. meter eller kr. 4,- pr. 40 gram levert piggtråd. Prosjektet er finansiert med regionale klima-og miljøtilskot, SMIL-midlar og tilskot frå kommunane.
Tilskotet vert berekna hos IHM og vert utbetalt frå kommunane etter framvisning av kvittering frå IHM. Det er berre piggtråd som vert samla inn, som får tilskot.
Kva skal eg levera piggtråden?
Piggtråden skal leverast på miljøstasjonen. Det vert mogleg å levera piggtråd til miljøstasjonane i Simadalen i Eidfjord og Holmen i Ulvik.
Hugs å ta med kvittering på innlevert piggtråd for å få utbetalt tilskot.
Få rabatt på ny tråd utan pigg
Gardsbruk som ynskjer å byte ut piggtråd med tråd utan pigg, får 10% rabatt hos Felleskjøpet på Voss. Ta med kvittering frå IHM for levert piggtråd.
Oppmoding
Kommunane vil oppmoda til at det vert skaffa oversikt over tilstanden for piggtråd i sitt område. Kommunane tek imot melding om dette. Meld frå namn på eigar og kor piggtråden er, så vil kommunen ta kontakt med eigar. Ved store mengder kan kommunen hente piggtråd på oppsamlingsplass v/ bilveg.
Skjema for utbetaling av tilskot ved innlevering av piggtråd (PDF, 122 kB)