Orientering om tilskot av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Orientering om tilskot av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Frå og med 15. juni kan det søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd.

Søknadsskjema vert gjort tilgjengeleg på www.anleggsregisteret.no

Føresegner og rettleiing

Alle føresegner om tilskot av spelemidlane til anlegg for idrett og fysisk aktivitet finst i vedlagte V-0732 Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2022. Føresegnene og anna informasjonsmateriell kan hentast på Kulturdepartementet si nettside www.anleggsregisteret.no, og ei utfyllande liste over publikasjonar og rettleiarar finst på www.kud.dep.no/idrettspublikasjoner

Endringar

Det er gjort endringar i regelverket for tilskotsordninga som vil ha tyding for kommande søknadsperiode. Dei endringane vi spesielt vil gjera oppmerksam på er:

• 1.3 Søknadsprosedyre og dokumentasjonskrav
Behovsvurdering (nytt vedlegg 7) er lagt inn som vilkår.

• 2.3 Hvem som kan søke om tilskudd
Til sykkelanlegg: Norsk organisasjon for Terrengsykling og sammenslutninger organisert under organisasjonen. Ifølgje liste Dykkar ref Vår ref 22/3390-2 Dato 17. juni 2022 Side 2

• 2.6.1 Generelle tilleggselementer
Sjå spesielt endringane som omhandlar garderobar og lagar.

• 2.6.15 Fotballanlegg
Det er lagt inn auka tilskotssats for kunstgrasbanar utan plastholdig løyst ifyll. • 3.4 Vilkår for tilskudd (nærmiljøanlegg) Endra til 10 år.

• 3.5.2 Begrensninger for tilskuddets størrelse (nærmiljøanlegg)
Maks tilskuddssum per anleggssted er fjerna. 

• 4.1 Åpen for allmenn idrettslig virksomhet
Endra som følgje av endringar i pkt 3.4.

• 4.6 Tilbakebetaling av tildelte midler
Endra som følgje av endringar i pkt 3.4.

• 3.5.3 Økt tilskudd til anlegg i geografiske områder (nærmiljøanlegg) Det er lagt til unntak for byområder i følgjande kommunar (jf Kommunal og distriktsdepartementets områdesatsninger - frå og med 2018):

  • Bergen kommune: Loddefjord og Olsvik
  • Drammen kommune: Strømsø og Fjell
  • Oslo: Groruddalen, Oslo Indre Øst og Oslo Sør
  • Stavanger kommune: Storhaug
  • Trondheim: Kolstad-Saupstad

Eidfjord kommune sine rutinar ved søknad om spelemidlar 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023
Timo Knoch
Biblioteksjef/miljørådgjevar
E-post
Telefon 53 67 35 95
Mobil 977 41 715