På tide å byta ut røykvarslarane?

På tide å byta ut røykvarslarane?

Røykvarslarar bør bytast ut etter 8–10 år. Har du sjekka kor gamle røykvarslarane dine er? Test røykvarslarane og byt batteri på Røykvarslardagen 1. desember.  

Elektronikken i røykvarslarar tapar seg over tid. I tillegg kan evna til å detektera røyk verta redusert grunna støv og smuss som samlar seg opp i løpet av åra. 

– Røykvarslarar er generelt mogne for utskifting etter 8–10 år. Du bør difor sjekka alderen på røykvarslarane dine og vurdera om det er på tide å byte dei ut. Produksjonsdatoen står på baksida av røykvarslaren, opplyser Erik Rogne, Voss brannvern.

Røykvarslarar er EE-avfall

Når du byter sjølve røykvarslaren eller skifter batteri, er det viktig at du sjekkar med testknappen at varslaren fungerer. Røykvarslarar er EE-avfall som ikkje skal kastast i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast inn gratis hjå ein forhandlar eller attvinningsstasjon.

Ei undersøking frå Prognosesenteret viser at det i gjennomsnitt er installert 3,5 røykvarslarar per bustad og 2,5 røykvarslarar per fritidsbustad. Til saman er det cirka 10 millionar røykvarslarar rundt om i norske heimar. 

Kople saman røykvarslarane

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og det må vera minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten.

Du bør teste røykvarslarane dine jamleg og etter kvar gong du har vore vekke lenge. Det er også ein fordel å støvsuge varslaren med jamne mellomrom. Dette vil forlenga levetida til varslaren.

– Du bør kopla saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vera med på å redda liv, påpeiker Rogne.

Ta med barna

Mange tenkjer at brannar ikkje er noko som kan skje i deira heim, men det kan byrja brenne heime hos alle. Du må vera din eigen brannsjef og førebyggja brann gjennom brannvern og opplæring.

– Ein fin aktivitet i desember kan vere å ta med heile familien på å leite etter gode rømingsvegar, sjekka røykvarslarane og kontrollera brannsløkkjaren, seier Rogne.

Røykvarslardagen 1. desember er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige.

Rett plassering av røykvarslaren:

  • Monter røykvarslaren på det høgste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
  • Ha minst éin røykvarslar i kvar etasje.
  • Dersom bustaden har fleire etasjar, bør du plassera røykvarslarar nær trappene, slik at lyden frå alarmen ber betre gjennom etasjane.
  • Installer minst éin røykvarslar per 60 kvadratmeter.
  • Ikkje la avstanden mellom to røykvarslarar vera større enn 12 meter.

Sjå "Skotten feirer jul" på NRK og få tips om korleis du ikkje skal gjera ting.