Parkering på fjellet

Grunna snøforholda på fjellet i år sender Statens Vegvesen ut ei påminning angåande parkering langs Rv 7 Hardangervidda og Ev 134 Haukelifjell.

Parkering

Trafikkantar må sjølv passa på at dei ikkje parkerer bilar langs veg, og på innsida av kvitstripa. Dette kan føra til trafikkfarlege situasjonar og problem for vinterdrift av vegen for entreprenøren.

Bilar som står feilparkert kan risikera borttauing.

God påske

Statens Vegvesen ynskjer alle ei god og trygg påske