Prosjektleiar for «Omstilling i reiselivet» tilsett

Ingrid Prestegard er tilsett som prosjektleiar for fellesprosjektet «Omstilling i reiselivet» i Eidfjord og Ulvik. 

Prosjektet

Det er eit treårig prosjekt for å styrkja lokale arbeidsplassar i næringa, og bidra til at dei lokale reiselivstilboda er betre tilpassa endringane i reiselivet etter koronapandemien.  Prosjektet er finansiert av statlege omstillingsmidlar, Vestland fylkeskommune, Ulvik herad og Eidfjord kommune. 

Leiaren

Ingrid Prestegard - Klikk for stort bileteIngrid Prestegard, leiar for "Omstilling i reiselivet".

Ingrid Prestegard kjem frå stillinga som direktør ved Brakanes hotel, der ho har vore tilsett sidan 2009 og som direktør sidan 2018. Ho har god kjennskap til reiselivet generelt, og særskilt i dei to kommunane.

Me er glad for at Ingrid vil vera med oss i dette viktige prosjektarbeidet, og gler oss til ho tek til som prosjektleiar om nokre månadar.