Rein Hardangerfjord 19. septemberRyddeaksjonen Rein Hardangerfjord går av stabelen 19. september 2024 - me berre gjer det! Publisert 02.09.2024 12.00 Sist endra 13.09.2024 08.50 Om prosjekt Rein HardangerfjordRein Hardangerfjord er eit femårig prosjekt for å rydda Hardangerfjorden for plast på avveg, leia av stiftinga Framtidshavet. Aksjonen er verdas største ryddeaksjon for plast. Kommunane rundt Hardangerfjorden, fleire havbruksselskap, ei rekkje forskingsinstitusjonar (Marfo, Norce, UiB), organisasjonar og offentlege institusjonar deltek. Både Handelens miljøfond og Fiskedirektoratet er store deltakande institusjonar. 19. september 2024 - me berre gjer det!Rein Hardangerfjord-dagen er torsdag 19. september. Dersom du ikkje har høve til å vera med å rydda denne dagen, er det mogleg å rydda resten av veka. Du kan henta posar og hanskar på tenestetorget på kommunehuset frå fredag 13.09 til fredag 20.09.Containar for levering av innsamla søppel er plassert på kaien i Simadal. Kommunen disponerar big bags til områder med mykje søppel. Dersom du ikkje har moglegheit til å levera søppelet sjølv, ta kontakt med kommunen og set avfallet lett tilgjengeleg for bil. Ta kontakt via e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no eller send sms til tlf.: 94 19 22 27.Det er enkelt å deltaHer kan du melda deg på: Rein Hardangerfjord 2024 Interesse roller (office.com)Meir informasjon om prosjektet og deltaking finn du her: Rein Hardangerfjord — FramtidshavetRegistrer ryddeaksjonen i ryddenorge.noSend bilete av aksjonen med aksjonskode innan 18.09.24, så er du med i trekninga av 10.000 kr.! Hugs at søppelet du finn på land også kan enda opp i fjorden - plukk det søppelet du finn!Les meirRein Hardangerfjord - FacebookRein Hardangerfjord - Instagram