Rein Hardangerfjord

Rein Hardangerfjord

15 september ryddar me heile Hardangerfjorden. Me ryddar i fjorden for miljøet sin del - for å gjera det reinare, meir berekraftig og levedyktig.

Ynskjer du å vera med å rydde - registrer deg på www.reinhardangerfjord.no og vert med på verdas største ryddeaksjon.

Lægreid skule har oppretta eigen ryddeaksjon under Rein Hardangerfjord. Dei har fellessamling 15 september kl 09:00 på tusenårsplassen ved kommunehuset. 
Det er mogleg å bli med å rydde ilag med skulen, så berre møt opp!

Container tilgjengeleg til måndag 16 september

Ynskjer du å rydde på andre tidspunkt enn 15 september - vert container frå Ragnsells ståande på kaien i Simadal fram til måndag 19 september. 
Hanskar og sekkar kan du hente i resepsjonen på kommunehuset fram til kl 15:00 på fredag 16 september.