Resultat TV-aksjonen 2022

Resultat TV-aksjonen 2022

Flott innsats av Eidfjord under årets TV-aksjon.

Tusen takk til alle som har støtta TV-aksjonen 2022! 

Barnetrinnet på Lægreid skule arrangerte basar og samla inn kr. 30 035,-. Dei hadde åresal, sal av kaffe og kaker, og sal av heimelaga eplemos, sirkusbollar og tennbrikettar som var laga av elevane. 

Elevane på ungdomstrinnet hadde skuleløp og fekk inn kr. 16 670,-.

Modnen barnehage laga til kafé ute og selde kaffe og eplemuffins til foreldra.

Vøringfoss Hotel serverte mat med meining. Heile overskotet gjekk til årets TV-aksjon. For kvar solgte frukostkuvert donerte dei óg tilsvarande beløp til same sak.

Eidfjord formannskap gav kr. 30 000,- til TV-aksjonen.

Årets TV-aksjon går til Leger Uten Grenser og deira arbeid for å gje livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Sjå resultatet frå innsamlinga i Eidfjord her:

Resultat TV-aksjonen