Resultat TV-aksjonen

Resultat TV-aksjonen

Flott resultat etter stor innsats for TV-aksjonen

Barnetrinnet på Lægreid skule arrangerte basar og samla inn kr. 27 485,-. Dei hadde åresal, sal av kaffe og kaker, og sal av heimelaga eplemos og sirkusbollar som var laga av elevane.

Elevane på ungdomstrinnet hadde sal av suppe til tilsette på kommunehuset, skulen og hjå Statkraft, samt arbeidsdag som vart sponsa av lokale bedrifter, av føresette og andre kommunale einingar. Dei fekk inn kr. 16 192,-.

Samla resultat for heile skulen vart kr. 43 677,-.

Modnen barnehage arrangerte haustfest og samla inn kr. 7 010,-.

Eidfjord formannskap gav kr. 30 000 til TV-aksjonen.

Tusen takk til alle som stilte opp som bøssebærar!

Resultat for heile kommunen kan du sjå her:

Resultat Eidfjord kommune