Rullering av handlingsdelen til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Frist for innspel 22. mars 2024

Det er krav frå Kulturdepartementet at alle kommunane må ha ein tematisk kommunedelplan som grunnlag for løyving av spelemidlar til idrett, nærmiljø og friluftsanlegg. Eidfjord kommune sin kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er moden for fornying, men dette arbeidet vil ikkje ta til før i siste halvdel av 2024.

Som ein del av kommunedelplanen er det ein handlingsplan som skal rullerast årleg. For å kunna søkja om spelemidlar til idrettsanlegg er det krav om at tiltaket skal vera prioritert i kommunen sin handlingsplan.

Handlingsplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2021-2024 vert no rullert. 
Har de innspel om nye tiltak som bør stå i planen må du senda inn innspel om dette innan 22. mars 2024 til postmottak@eidfjord.kommune.no. 

Gjeldande handlingsplan (PDF, 357 kB)

Informasjon om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 97 19 00 23

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00