Rullering av handlingsdelen til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Det er eit krav frå Kulturdepartementet at alle kommunane må ha ein tematisk kommunedelplan som grunnlag for løyving av spelemidlar til idrett, nærmiljø og friluftsanlegg. 

Kommunedelplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vart vedeke 19. desember 2017.  Handlingsdelen skal rullerast årleg, og om det er lag og organisasjonar som har planar om å søkje om spelemidlar må det vera med i planen. 

Frist for innspel er sett til 6.oktober 2019 og sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no

Rullering av handlingsplan til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (PDF, 561 kB)

Vedteken kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (PDF, 573 kB)