Ryddedugnad av plast og anna skrot i fjøra

Ryddedugnad av plast og anna skrot i fjøra

Eidfjord kommune ilag med Indre Hordaland Miljøverk (IHM), legg no igjen til rette for rydding av plast og anna boss i fjøra og langs vassdrag.

 Avfall frå private hushaldningar skal ikkje kastast her!

I desse korona-tider skal organisert aktivitet/arrangement følgja slike reglar:

  • Det skal haldast minst 1 meter avstand
  • Det skal vera ein ansvarleg som har oversikt på namn og kontaktinformasjon til deltakarane dersom det vert behov for smittesporing.
  • Bruk hanskar

Plastsekkar er lagt ut på butikkane og YX-stasjonen i Eidfjord. Sekkar kan og hentast i ekspedisjonen på kommunehuset. Ta bare med så mange sekkar du reknar med å bruka.
 
Kommunen i samarbeid med IHM legg til rette for henting av plastsekker og boss. Fylte sekkar skal så langt råd leggjast samla ved offentleg veg. Dette gjeld og større avfall som ikkje går i sekk. Hugs å knyt att sekkane.

Bed at de varsle kommunen, tlf 53673500, kor det er lagt att sekkar og boss.

Aksjonen varar fram til og med 14. mai 2021

Kontakt

Sentralbord
Sentralbord
E-post
Telefon 53 67 35 00
Gunnar Elnan
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205