SFO skuleåret 2021-2022

Me ynskjer at alle føresette i komande 1.klasse sjekkar kva tilbod SFO på Lægreid skule har

Registrer ynskje

Du får mail frå skulen når klassen er oppretta i Visma Flyt Skole, og du kan då gå inn og registrera kva SFO-tilbod du ynskjer frå 16.august.

Sommar-SFO

  • Dersom du ynskjer å bestilla dagar eller veker på sommar-SFO (2.-11.august), gjer du det på mail: skule@eidfjord.kommune.no. 
  • Born som allereie er i SFO, har fått informasjon om sommar-SFO og komande skuleår i SFO-post nr.4. 
  • Frist for bestilling av sommar-SFO, og registrering av SFO-tilbod for komande skuleår, er 1.mai.

Sjå elles SFO-vedtekter for meir informasjon.

Kontakt

Lægreid Skule
E-post
Telefon 48 05 27 15