Skuleskyss og koronatiltak

Skuleskyss og koronatiltak

Som de er kjent med har Regjeringa innført nye nasjonale tiltak denne veka. Dette inneber gult nivå for alle grunnskular frå og med torsdag 16.12 og inntil vidare fire veker fram i tid, med mindre lokale vedtak tilseie rødt nivå. Nokre skular vel kanskje å gi elevane sine tidlegare juleferie.

Retningsliner

Dei nasjonale smittevernråda og trafikklysmodellen gir følgjande retningslinjer for skuleskyssen i grunnskulen:

  • Bruk av offentleg transport avgrensast der det er mogeleg, men elevar som er avhengig av skuleskyss kan ta buss eller anna transport for å komme seg til og frå skulen.
  • Skuleelevar skal følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind. Elevar under 12 år eller som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan nytte dette, er unntatt frå påbodet.
  • Elevar skal ikkje reise med skuleskyss ved mistanke om smitte eller ved milde sjukdomssymptom.

For elevar med tilrettelagt skuleskyss:

  • Det er påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør under drosjetransport. Elevar under 12 år eller som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan nytte dette, er unntatt frå påbodet.
  • Det skal tilstrebes faste elevgruppe under transport med drosje så langt det er mogeleg.
  • Det er viktig at skulane melder inn til aktuell drosjetransportør kva elevar som ikkje treng drosjetransport og for kva periode der ein innfører heimeskule. Det same gjeld for elevar som av andre årsaker ikkje har behov for skyss heile eller delar av perioden med gult nivå i grunnskulen.

Spørsmål

Spørsmål kan bli retta til Skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70(tasteval 2 – skoleskyss).