Slit du med å betala straumrekningane dine

Slit du med å betala straumrekningane dine

Regjeringa har saman med SV bestemt at bustønad skal utvidast mellombels for å nå fleire som slit med høge straumprisar.

Utviding

Utvidinga betyr at du kan ha noko høgare inntekt og formue enn det som normalt gjeld for bustønad. Dei nye mottakearane vil i gjennomsnitt få utbetalt rundt kr 1100,- i månaden.

Både nye og eksisterande mottakarar vil i tillegg kunne få ei ekstrautbetaling på minst kr 1500,- i månaden på grunn av dei høge straumprisane. 

Frist

For å motta bustønad i januar, må potensielle søkjarar ha søkt Husbanken om dette innen 31. desember.

50 000 flere kan få bostøtte - regjeringen.no

Økonomisk sosialhjelp frå kommunen

Om du ikkje klarar å betala straumrekningane dine, kan du ha rett på økonomisk sosialhjelp. 

NAV - Eidfjord

Kontakt din straumleverandør

Mange straumselskaper kan tilby nedbetalingsplan eller betalingsutsetjing.