Søk om tilskot til utsiktsrydding i landbruket

Søk om tilskot til utsiktsrydding i landbruket

Fylkesmannen si tilskotsordning for utsiktsrydding vert avvikla ved nyttår, og har midlar att til fordeling i 2019.

For informasjonen om kva utsiktsrydding er, kva strekningar som kan godkjennast, kven som kan søkja og søknadsskjema, viser me til artikkel på Fylkesmannen sine heimesider:

Tilskotsordning for utsiktsrydding

Søknadane skal stilast Fylkesmannen, men sendast til kommunen for uttale og kontroll av at kart og anna dokumentasjon er tilfredsstillande før oversending til Fylkesmannen. Me vil oppmoda aktuelle søkjarar om å senda inn søknad til kommunen innan 15. september.

Søknadane vil i utgangspunktet bli handsama i den rekkefølgja dei kjem inn til Fylkesmannen, men søknader med rydding av areal som skal beitast vil bli prioritert.

 

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205