Søknad om motorferdsel innan nasjonalparken vintersesongen 2021

Søknad om motorferdsel innan nasjonalparken vintersesongen 2021

Søknadar for vintersesongen 2021 evnt. for fireårsperioden 2021 - 2024 har søknadsfrist 15. november 2021. Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang og Eidfjord

Søknadsskjema og løypekart

Søknadsskjema kan du finna på heimesida eller i innbyggartorga i Ullensvang kommune og
Eidfjord kommune. TU i Vestland har utarbeida eit løypekart som skal fylgjast, med avstikkarar til endemål for turen etter kortaste strekning. 

Informasjonsplikt

Alle som får utstedt løyve vert registrert med mobilnummer og vert gjorde oppmerksom på at dei er pliktige til å sjekka om dei har motteke SMS frå TU Vestland vedkomande stengning/alternativ køyrerute før dei reiser til fjells. 

Søknaden skal innehalda

  • Kart med innteikna køyrerute du ynskjer å nytta, eller vis til rute i løypekart.
  • Alle opplysingar skal vera med, som kopi av byggjeløyve eller leigeavtale med hytteeigar/grunneigar
  • Mangelfulle søknadar vert sendt i retur. 

Adresse og søknadsfrist

Alle søknadar innanfor nasjonalparken skal sendast til: 
Tilsynsutvalet i Vestland, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik eller på e-post til tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no

Spørsmål kan rettast til Anne Gerd Nysveen, tlf. 53 65 40 00

Søknadsfrist 15. november 2021

Retur av løyve

Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta/unytta løyve frå sommarsesongen 2021 og vintersesongen 2020/21 gjer det snarast. 

Motorferdsel utanfor nasjonalparken

Søknadar som gjeld utanfor nasjonalparken skal sendast til og avgjerast i den einskilde kommune. 

Kontakt

Anne Gerd Nysveen
Sekretær for Tilsynsutvalet i Hordaland
E-post
Telefon 416 31 284