Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL ) - Søknadsfrist 15. november

Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL ) - Søknadsfrist 15. november

Det vert gjennomført ein ekstraordinær søknadsrunde for 2019. Eidfjord kommune har i 2019 fått ei rammeløyving på 70 000 kr til SMIL-ordninga. 

Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a. må det vera eit føretak som står som søkjar.På landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Sjå forskrifta og lesa deg opp på regelverket mm. her .
Det er òg laga ein eigen, lokal «Kommunal tiltaksstrategi» for SMIL-ordninga som gjeld for Eidfjord kommune og som du kan få ved å ta kontakt med kommunen. 
Frå 2019 er det innført eit digitalt søknadssystem for dei som vil søkja om SMIL-tilskot (søk her).

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00