Straumstønad verksemder

Straumstønad verksemder

Kommunal tilskotsordning for næringsliv i Eidfjord kommune, som følgje av stor kostnadsauke.

Søknadsfrist er forlenga til 10. februar 2023

Søknad

I boksen under finn du link til søknadsskjema. I skjemaet ber me om straumutgifter for 2021 og 2022, og om du har fått stønad tidlegare. Alle kan søkja, sjølv om dei har fått stønad frå andre tidlegare.

Dersom du ikkje dreiv verksemd i 2021, men for eksempel overteke ei verksemd og har vore i drift i 2022, kan du henta data frå forrige eigar om straumutgiftene og bruka dei i søknaden.

Søknadsskjema - straumstønad verksemder

Retningsliner

  1. I samband med ekstraordinær kostnadsauke i 2022 har Eidfjord kommune oppretta ein ny, kommunal tilskotsordning. Eidfjord kommune ønskjer å støtte lokalt næringsliv då kostnadsauken det siste året har skapt store økonomiske utfordringar for mange. Ordninga er ein eingongsstønad som skal utbetalast etter søknad. Eidfjord kommunestyre løyver inntil NOK 5.000.000 til ordninga.
  2. Ordninga gjeld for verksemder med adresse og aktiv drift i Eidfjord kommune.
  3. Alle søkarar skal legge ved kopi av rekneskap og dokumentasjon for straumkostnader for perioden 01.01.21 – 31.12.21 og 01.01.22 – 31.12.22 eks.mva. Differansen mellom straumkostnader i 2021 målt mot straumkostnader i 2022 utgjer søknadssummen.

    Dersom samla søknadssum er over den økonomiske ramma vil kva søknad verta avkorta høvesvis til ramma i ordninga. Maksimal søknadssum pr. Søkjar er avgrensa til inntil 80% av kostnadsauken for straumkostnader, og ikkje høgare enn NOK 500.000,00. Tal søknader og storleiken på desse vil avgjere kor mykje kvar einskild får tildelt.

    Søknadsbeløpet skal vera attestert av rekneskapsførar/revisor.
     
  4. Støtta gjeld for tidsrommet 01.01.2022 – 31.12.2022
  5. Søknadsskjema som er utarbeidd for ordninga skal nyttast.
  6. Søknadsfrist tirsdag 31. januar (forlenga til 10. februar) 2023. Søknadane skal sendast gjennom skjema på heimesida www.eidfjord.kommune.no eller leverast på papir til tenestetorget innan kl 14.
  7. Firma som har fått anna støtte vil verta avkorta tilsvarande beløp dei har fått i støtte i andre ordningar. 
  8. Verksemda kan ikkje gje utbytte til eigar for rekneskapsåret 2022. Det skal dokumenterast innan 01.10.2023 at slikt ikkje er gjort, stadfesta av revisor/rekneskapsførar. Ved manglande dokumentasjon på dette vil Eidfjord kommune krevja utbetalt tilskot attende. .
  9. Støtta kjem inn under «Forskrift om offentleg støtte». Grensa for kva ein bedrift kan motta er 200 000 euro over tre rekneskapsår. Søkarane må gje opp kva dei har mottatt av offentleg støtte dei siste tre åra.
  10. Dersom kostnader på straum vert lik framover, må det vurderast nye ordninger for 2023.