Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestartSmå barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart. Publisert 06.08.2024 02.00 Sist endra 06.08.2024 19.32 Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.Klipp hekkar og buskar - Statens vegvesen