Til lag og frivillige organisasjonar

Til lag og frivillige organisasjonar

5. desember er frivillighetens dag, me arrangerer ljosvandring for å syna fram lag og organisasjonar i kommunen. 

I Eidfjord har me mange flotte frivillige lag og organsiasjonar som gjer framifrå arbeid. Eit godt organisasjonsliv er viktig for å skapa bulyst, trivsel og ein meiningsfullt kvardag for alle.  Me ynskjer å markera denne dagen med ei ljosvandring langs Eio inn til vatnet. Langs løypa ynskjer me at ulike lag og organisasjonar kan stilla og presentera seg sjølv og sitt virke, anten i form av ein stand, ein aktivitet, framsyning eller samtale. Kanskje kan dette vera eit fint høve til å få nye medlemmar i laget? 

Ljosvandringa vert gjennomført 5. desember med oppstart kl. 17:00 ved starten på grusvegene inn til vatnet. Alle som skal delta må syta for ljos sjølv, dersom veret tillt det tenner me faklar langs løypa.  Lag og organisasjonar som vil delta får tildelt plass langs løypa. Publikum kan gå langs løypa i sitt eige tempo oppleva det mangfaldige organisasjonslivet undervegs. Inne ved vatnet vil Matkulturlaget syta for fyr på bålet og risgraut og drikka. Det er tenkt at sjølve programmet langs vegen inn til vatnet tar 1 time (ca. 15 minutt aktivitet på kvar stasjon), etterpå er det bål, graut og gløgg inne ved vatnet til kl. 19. Me vonar dette vil verta ei fin stund, om veret vert dårleg har me alternativ.  

Ynskjer din lag/organisasjon å delta på dette? Meld frå til kultursjef Bergljot Maria Veivåg Hauso innan 23.11.22. Skriv gjerne nokon ord om kva/korleis de vil presentera dykk slik at me kan finna egna plass.  

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023