Tilskot innan landbruk

Tilskot innan landbruk

Fristar for å søkja om tilskot innan landbruk.

SMIL-søknadar

Frist - 15. mai

15. mai er fristen for å søkje om SMIL-midlar i landbruket. Kommunen har i år fått kr 60 000,- som skal fordelast på gode prosjekt. Hydrotekniske tiltak, som skal redusera avrenning og risiko for ureining av vassdrag vert høgast prioritert.

Elles kan det søkjast om tilskot til 

  • Rydding av kulturmark, tiltak for biologisk mangfald, fjerning av framande, skadelege organismar
  • Ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø 
  • Hindra erosjon, ureining og avrenning 
  • Klimatilpassingstiltak
  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
  • Tiltak som legg til rette for større tilgjenge og auka opplevingsverdi i landskapet

Søknad skal leverast elektronisk gjennom Altinn med fotodokumentasjon, kart og kostnadsoverslag.

Søknad om drenering av jordbruksjord

Frist - 1. juni

Det er mogleg å søkje om tilskot til drenering av jordbruksjord. Arealet må ha vore drenert tidlegare. Søknadar som kjem inn innan 1. juni i år, vert prioriterte. Elles er det førstemann til mølla prinsippet, fram til potten på kr 50 000,- er brukt opp. Søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.

Tilskot til tiltak i beiteområde

Frist - 15. mai

15. mai er fristen for å søkje om tilskot til tiltak i beiteområde. Det er gjennom beitelaga at søknadane vert sendt inn. Kommunen har kr 50 000,- å dele ut i år. 

Spørsmål

Ved spørsmål, ta kontakt med Rolf Tore Djønne, telefon: 40007154 (kl. 12.00 - 14.00).