Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

To gonger om året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar. Søknadsfristar er 1. desember 2021 og 1. september 2022.

Kva er målet med ordninga?

Målet med ordninga er å styrkje det førebyggjande og trafikantretta arbeidet med trafikktrygging som skjer lokalt og regionalt i fylket.

Kven kan søkja?

Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søkja om tilskot.

Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt. 

Kva kan du få tilskot til?

Du kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak (inkludert trafikantopplæring), arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt (med meir) som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar.

Tiltaka skal støtta opp om målet for ordninga. Reine fysiske tiltak vil normalt falle utanfor ordninga. 

Søknadsfrist

Tilskotsordninga har to årlege tildelingar med kvar sin søknadsfrist. For 2021 gjeld desse søknadsfristane:

1. desember 2021 (1. tildeling)

1. september 2022 (2. tildeling)

Tilskot til trafikktryggingsaktivitetar - Vestland fylkeskommune