Tilskotsordningar i jordbruket våren 2019

Tilskotsordningar i jordbruket våren 2019

Informasjon frå landbrukskontoret

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket – søknadsfrist 15. mars

Fristen for å registrera del 1 av søknaden om produksjonstilskot er den 15. mars . Du kan starta med å registrera søknaden frå 1. mars. Teljedato er 1. mars, som vil seia at det er talet på dyr du har den 1. mars som er grunnlaget for utrekning av tilskotet til husdyr og for storleiken på det som kan refunderast i ordninga «Avløysing ved ferie og fritid» for 2019.
Hugs at søknaden MÅ vera registrert innan 15. mars. I denne søknadsomgangen er det berre dei som driv husdyrproduksjon som treng å registrera søknaden sin.

Søknad om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL ) - Søknadsfrist 1.april

Eidfjord kommune har i 2019 fått ei rammeløyving på 70 000 kr til SMIL-ordninga. Skal du kunna få tilskot etter SMIL-ordninga, må du oppfylla visse vilkår. M.a. må det vera eit føretak som står som søkjar.
På landbrukseigedomen der tiltaket skal utførast, må det føregå ein tilskotsberettiga landbruksproduksjon som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.
Sjå forskrifta og lesa deg opp på regelverket mm. her .
Det er òg laga ein eigen, lokal «Kommunal tiltaksstrategi» for SMIL-ordninga som gjeld for Eidfjord kommune og som du kan få ved å ta kontakt med kommunen. 
Frå 2019 er det innført eit digitalt søknadssystem for dei som vil søkja om SMIL-tilskot (søk her).

Søknad om tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksjord – søknadsfrist 1. juni
Eidfjord kommune har i 2019 fått ei rammeløyving på 10 000 kr til ordninga “drenering av jordbruksjord . Kommunane har ansvaret for å forvalta tilskotsordninga etter «Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord». 
Også her må du no søkja elektronisk, enten ved å logga deg inn i Altinn eller fylgja linken her.

 

Meir informasjon kan du finna på Landbruksdirektoratet sine sider .
Du er òg velkomen til å ta kontakt med sakshandsamarane på landbrukskontoret om du har spørsmål eller treng hjelp med søknadsprosessen.

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
10.00 - 14.00

Sentralbord
10.00 - 14.00