Tips om branntryggleik

Tips om branntryggleik

Ei ekstra påminning om branntryggleik - i desse dagar med mykje innetid.

Tips

  • installera komfyrvakt
  • rengjera filteret i kjøkkenvifta over komfyren
  • pass på at gardiner, dukar, aviser og møblar er i god avstand fra vedomnar/panelomnar
  • sjekka at røykvarslarar virkar og kan høyrast overalt i bustaden
  • sjekk at sløkkjeutstyr er inntakt og at alle klarer å betjena det
  • ein må alltid vera i bustaden når vaskemaskiner og tørketromlar er i drift
  • leggja til rette for at røyking kan skje utan fare for brann
  • ha eit brannteppe plassert ved kjøkkenet
  • ikkje bruk skøyteledningar – dersom du kan unngå det
  • lading av mobil, PC, høyretlf, etc, må alltid føregå på dagtid – og det er folk i bustaden
  • det må alltid vera folk til stades ved bruk av levande lys

Voss brannvern, Eidfjord brannvern og Ulvik brannvern